Suicidal

I dag ville vi snakke litt om det å vere suicidal. Det virkar som monge har missforstått kva det er å vere suicidal.

DSC00081

Å vere suicidal er ikkje det at du ligg i senga di, ser på bilder av dine nærmaste, og tenker «eh, dei klarer seg fint utan meg og», for so å ta ditt eige liv.

Å vere suicidal er å ikkje orke å eksistere lenger. Suicidal er ein egoistisk sinnstilstand. Livet er so jævlig at du ikkje kan tenke. Ikkje kan sjå anna enn mørke. Ikkje kan føle noko anna enn smerte, og tomheit.

Sjå for deg at du er låst inne i eit mørkt rom, du sit på eit kaldt og vått golv, naken, sårbar, der er ingenting. Ingenting anna enn mørke, og ei dyster tristheit hengange i lufta. Ein endeløs sorg, det svir i brystet kvar gong du pustar. Du vil berre grine, hyle, og forsvinne.

Sånn har vi det, ofte i dagar, veker, månder sammehengande.

Greit nok vi sitt ikkje fysisk i dette rommet, men sinnet vårt gjer.

Dette er alt som finst, i bakgrunnen av dette kan vi vagt høyre stemmene til dei rundt oss. Alt vi ser, er gjennom eit slør, eit slør som gjer alt litt mørkare, og fargane mindre klare. Slit med å halde fokus, slit med å halde samtaler, slit med å leve.

Lyden er dempa. Synet er svagt. Følelsar numme. Alt det «virkelige» som skjer rundt oss, følest som du ser på ein film. Ein film du egentlig ikkje har lyst å sjå. Du ligg i det mørke og kalde rommet ditt, menst ein film av lykkelige mennesker blir spelt for deg.

Det er sånn det følest.

DSC00059

Nokon av oss klarer ikkje denne kampen, den er slitsom, og lang, nokon gongar kjem den aldri heilt til å forsvinne.
Men vi prøvar. Vi prøvar vårt beste. For deg. For familien vår, for kjærestar, for vennar. Vi kjempar for dokke. Ikkje sei vi må ta oss sammen og tenke positivt. Vi prøvar so hardt vi kan.

Kvil i fred, til alle som har tapt denne kampen.

Kjemp vidare, til alle som fortsatt slit.

/Maria & Veronika

8 kommentarer om “Suicidal

  1. Tilbaketråkk: Om å være suicidal  | My very blue world

    • «Husk å puste, I berre ti sekund til…» Har eg sagt til meg sjølv i fleire veker samanhengane. Det er rett og slett jævlig. Men heldigvis kan vi snakke om det! Vi er alle med på å opne verden sine auger for mental sjukdom, og det er viktig! High five for den! 🙂 Du er bra!

      Liker

    • Det er desverre so jævlig. I lange perioder har eg overlevd berre ved å telle ti sekund av gongen. I ti sekund til skal eg puste. I berre ti sekund til. So prøvar eg enda ti. Og enda ti. Dagane blir longe, men der er hjelp å få. Heldigvis!

      Liker

  2. Du skriv så bra Maria ❤ Klarer ikkje å forestille meg kor endelaust grusomt det er å ha det sånn, men sender ein klem til deg og er sjeleglad for kvar gode dag ein får 😘❤

    Likt av 1 person

  3. Du formulera dej og forklara slik at vi rundt kan klare å få en bedre forståelse. De e utrulig bra gjort! Takk for at du kjempa og telle dissa 10 sekunda om og om igjen. Gi beskjed når ej skal telle atme dej ❤

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s