Marias tur

Veronika har for det meste vert sjef for å blogge på tur, men eg tenkte eg skulle skrive litt om min opplevelse av turen til no, og kvifor eg valgte å bryte etter berre 5 dagar.

20170504_153414

Fyrste delen av turen gikk fint, men pluttselig på dag 3, klarte eg nesten ikkje å puste so fort vi bevegde oss oppover(altså i høgdemeter). Vi blei begge bekymra, då eg tydelig sleit med å få i meg nok oksygen so fort det var det minste vertikal sti.

Det blei tungt å puste berre etter eit par steg, eg pusha på og gikk vidare ei stund. Men måtte ofte stoppe for å roe ned kvalmen og svimmelheita som kom av å gå oppover. Dette førte til at ting gikk sakte framover, og eg følte meg ganske ubrukelig.

Eg var fyrst bekymra for at det var Lithium forgiftning, då eg tek Lithium medisinar kvar dag og veit det er ein risiko ved høg aktivitet og lavt veskeinntak.

20170502_212134

Når vi såg utover dagen at det var begrensa til berre oppoverbakkar. Og at det var konstant og jevnt heile bakkane. Innsåg vi at det må vere noko anna. Vi valgte å sjå om det gikk over med kvile og «god» mat. Men det blei ikkje bedre over dagane som følgte.

Når vi kom til Hakadal, og eg såg over neste steg i planen vår. Då innsåg eg at eg ikkje kom til å klare det. Neste skulle bli rundt 250m stigning i løpet av ei kort tid. Og eg trur rett og slett eg hadde måtta blitt henta ned halveis oppe med helikopter. Det følest surt og trist å måtte bryte her. Men sånn blei no det. Eg skal til legen å få tatt testar. So håper eg at dei finn ut det er noko dei kan fikse med medisinar. For å ta meds er eg god på! Ikkje puste derimot er ikkje min ting.

Vi vil fortsette so fort vi veit det er trygt. Og eg(og Nika) vil gjere alt vi kan for å fullføre Rondanestien i løpet av året. Dog muligens i fleire mindre etapper.

Eg har ellers hatt ein fin tur, med herlig selskap! Det var trist at Gaul ikkje ville gå med oss, men det var tydelig meir stress enn gøy for han. Veronika, Yukon og eg har kosa oss masse! Vi har sunge, dansa, ledd, og tryna i lag.

/Maria

2 kommentarer om “Marias tur

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s