Tabu

Psykisk helse blir snakka om i større grad for kvar dag som går. Dette er eit stort skritt i rett retning, men her er fortsatt lang vei å gå.

Mange meinar godt, og mange snakkar høgt om kordan dei støttar folk som slit med psyken. Men det er vanskelig å huske dei fine orda som blei skrevet i eit støttande innlegg på facebook ein dag, når mann blir møtt med ukomfortable og litt sjokkerte ansikt, om du faktisk SER sjukt ut og. Eller snakkar direkte og opent om mentaliteten vår.

Ikkje alle taklar det like bra når folk svarar ærlig når dei blir spurt kordan dei har det.

DCIM105GOPROIngen av oss har det bra heile tida. Nokon av oss har det bra veldig sjeldent. Begge deler må vere lov å seie høgt. Uten å bli dømd.

Om du har hus, bil, ungar, ein fantastisk partner, tre gullhøns og ein elefant. Er det fortsatt lov å innrømme at du har ein dårlig dag. Du treng ikkje ein grunn. Kanskje i dag berre er teit. Sånn blir det av og til. Nokon har ingenting, og har berre gode dagar. Nokon har alt, og har berre dårlige dagar. Begge deler er akseptabelt, og det er (burde vere) greit å føle det slik og å snakke om det.

Eg (Maria), har vert open om mi helse i fleire år, og har blitt ganske immun mot folk sine meiningar no. Eg veit at det er greit at eg ikkje har det bra, og eg veit eg kan seie i frå til alle mine nærmaste om eg ein dag føler eg ikkje kan gjere ting. Eg kan avlyse planar på 1 sekund advarsel, uten å føle meg som ein dårlig venn. Fordi eg veit mine fine folk forstår. Eg er heldig som har komt til det punktet, og som har so fine folk rundt med at eg får den tryggheita.

Veronika har nettopp fortalt opent om sine problem for fyrste gong. Dette er skummelt, og kan ta tid til å venne seg til. Men vi begge føler vi ville skrive litt om dette. Å snakke høgt om problema sine.

Vi vil rope høgt om våre problem, so kanskje nokon andre tørr å kviskre om sine til nokon.

Det er utrulig viktig at folk som slit veit at det er greit å slite, det er greit å snakke om det, å det er greit å ville ha sympati. Om alle kan prøve å vere opne for andre sine problem. Om vi prøvar å ikkje lage ei grimase når nokon seier dei har ei mental diagnose, eller gispe i sjokk over at nokon har vert innlagt.

DCIM105GOPROÅ ha diagnose, å gå på medisin, å ikkje gå på medisin, å gå til psykiater, å vere innlagt, ingenting er noko å skamme seg over. Det er like naturlig som fysiske skader. Vi må forholde oss til våre begrensningar. Uten å skamme oss. Det er ikkje feil å søke hjelp om du brekk beinet. Det er ikkje feil å søke hjelp om du knekk sammen.

Ta litt ekstra tid av og til, gjer noko koselig for nokon du trur kanskje ikkje har det so bra for tida. Det treng ikkje vere masse, berre å vite at ein blir tenkt på hjelp. Send ei melding med fine ord, gi ein sjokolade, kva som helst.

Å få psykisk helse inn i skulesystemet er noko vi begge brenn for. Få ut kunnskapen om psyken i tidlig alder. So ferre barn føler dei er åleine gjennom oppveksten sin. Og fleire voksne veit at mentale diagnoser ikkje er «farlig», men noko som må takast hensyn til, som kva som helst slags fysiske sjukdommar.

Til deg som slit sjølv: Ikkje bry deg om det folk som ikkje forstår psykisk sjukdom seier til/om deg. Du kan klare alt du bestem deg for. Verken angst, PTSD, eller bipolaritet er ein stoppar. Du må berre finne ein litt annan vei til måla dine enn dei fleste tek.

DCIM105GOPROBilda i dag virkar kanskje litt tilfeldige. Men dei fortel ei historie, om ein av dagane då Maria valgte å ikkje la angst stoppe seg. Ein dag der ingen negative tankar fikk sette stoppar for livet, verken andre sine, eller egne!

Eg har bipolar diagnose, Veronika har PTSD, vi ER mennesker.

/Veronika og Maria

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s