Gul sløyfe, vet du kva det betyr?

IMG_0849.JPGAlle som fylg oss, både her og på andre sosiale medier, veit godt at hund er veldig viktig i liva våre. Vi vil skrive litt om hund i bånd og å hilse på fremmede hundar. Både for deg, ungane dine og hunden din.

Vi har begge studert hundens kroppsspråk i forskjellige grader. Det er vår plikt som hundeeigarar å passe på at våre dyr er trygge. Spesielt ute i den store skumle verden.

Om vår hund er i bånd og det kjem ein laus hund springande, må vi gjere vårt beste på å halden den lause hunden unda vår eigen. Ein hund i bånd går automatisk i forsvarmodus sidan dei er tvinga til å bli i området båndet rekk i og den andre hunden er laus, har den andre hunden overtaket. Dette har ingenting med kva størrelse hunden er, rase, eller om den er snild og grei ellers. Dette er ein urettferdig posisjon og sette hunden sin i ettersom det er fysisk umulig for hunden å trekke seg unda om det er ekkelt.

Dei aller fleste slepp hunden sin av bånd av og til, og det burde du absolutt fortsette med, men gjer det på ein oversiktelig plass. Der du veit du kan stoppe hunden din i god tid om det kjem mennesker eller dyr.

Der har komt ei ny trend der folk som av ein eller annan grunn har hund som ikkje skal hilse har ei gul sløyfe på båndet sitt. Dette kan bety løpetid, smittsom sjukdom, aggressiv, redd, arbeidshund og masse meir. Ein eller annan grunn er der for at denne hunden ikkje skal hilse på mennesker eller dyr. Og den sløyfa er det viktig og respektere.

 

dbcf

 

Det er viktig å spørre før du hilsar eller før du let hunden din eller ungen din hilse på andre dyr. Å bryte denne regelen kan føre til skader, både på deg og dine, og at ein fin hund blir avliva fordi nokon gløymte å spørre om det var greit å klappe hunden.

Ein hund som bit er ikkje ein «aggressiv» hund. Ein hund som bit kan ha vært livredd og trudd du kom til å skade/drepe den. Den kan ha smerter i kroppen som du gjorde verre når du klappa på. Den kan være veldig skvetten og blitt skremt menst du tok på han, og dermed tru du er farlig. Der er uendelig mange grunnar til at hundar kan bite eller oppføre seg som folk tolkar «aggressivt». Men det er uhyre skjeldan dette er på grunn av at han er ein generelt sint hund.

TIPS TIL Å HILSE PÅ HUND

Når du skal hilse på ein hund du ikkje kjenner (etter å ha spurt eigar!):

  • Sett deg ned på huk, med sida vendt mot hunden
  • La hunden ta kontakt med deg
  • Bruk rolig stemme og sakte bevegelsar
  • Klapp gjerne på brystet og sida, ikkje over hunden og på haudet (då dette kan følast truande)
  • Om hunden trekk seg unda, respekter dens grenser!
  • Sjå etter stress signal som unødig pesing, flakkande blikk eller halen mellom beina

13709964_10153528900292315_3664377172752094103_n

Missforståelsar drep monge fine hundar.

/Maria og Veronika

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s