«Kva har du fått i deg, Maria?!»

Det er eit spørsmål eg har høyrt ein del gongar. Eit par har vært oppriktig bekymra over at eg har fått i meg rusmiddel uten å fortelle det.

Når eg er «oppe», er ikkje det noko som betyr eg er stabil og har det bra i forhold til depresjonar. Oppturane kan bli minst like slitsomme som nedturane.
Eg har fleire hundre tankar i gong til kvar tid. Det følest som ei summing i haudet. Men ikkje ei summing, som ein lyd. Berre ei summing som ein følelse.
Konstant stille støy i hjerna. So fort du klarer å sortere ein tanke, eller gjere den tingen du ikkje klarer å slutte å tenke på, so er der 4 nye ting du MÅ gjere, eller du MÅ tenke på.

aaeaaqaaaaaaaaavaaaajgi3ndazzjywlwywyzgtngflmy1izjq2ltyyn2jkm2iyngiyoa

Eg har blitt veldig glad i lister. Handlelister, dagens to-do lister, ting eg må huske å seie til folk, ting eg må huske å sjå, alt må sorterast.

Snakking kan bli vanskelig. Eg tenker litt fortare enn alle andre, og ingen heng heilt med, og eg slit med å forklare fordi eg må seie alt so fort, fordi å snakke tek vekk tida mi til å gjere ting.

Gode idear, og mindre gode idear, kjem i hundrevis per dag. Nokon store, nokon små. Flytte på ein pyntegjenstand fordi den ikkje var på «rett» plass, gjerne fleire titals gongar på samme gjenstand i løpet av ein dag. Til å bestille matrialer til å bygge møblar, til å male om rom, til å kjøpe ting, reiser plassar. Alt MÅ gjerast NO. Ikkje om ein time. Då vil ikkje eg gjere samme ting lenger. Vi må gjere det NO. Og når det er gjort er der ein ny ting vi MÅ gjere NO. Sånn går dagane. Eg spring rundt frå morgon til kveld, idè etter idè, tanke etter tanke.

Eg blir totalt utamatta. Eg vil gjere alt, nei, eg MÅ gjere alt. Men eg er so trøtt. Når eg endelig føler vi har gjort nok i dag, er klokka 2 om natta, og eg klarer ikkje sove. Eg er våken, men sliten. Ekstremt sliten, men ekstremt våken. Eg sovnar til slutt, søv urolig, våknar fleire gongar, men søv. Og so startar det på nytt. Ein dag til. Ein dag til med tankar, men ord, med idear, med planar, med stress, og utmattelse. Ein indre utmattelse. Som om sjela mi er sliten. Kroppen er klar. Men sjela mi vil ha fred.

Nokon seier dette er den «gøy» delen av Bipolaritet. Fordi vi kan tenke fort, gjere ting effektivt, og bli veldig kreative. Men eg, og sjela mi, vil heller kvile.

/Maria

4 kommentarer om “«Kva har du fått i deg, Maria?!»

  1. Utrulig bra skildra Maria! Sett stor pris på at du skriv slik at vi rundt deg kan få ein bedre forståelse av korleis du har det. Stå på! Lots of love ❤️

    Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s